MGP: Delfinale 2 på laurdag

Laurdag 18. januar skal fire artistar frå Aust-Noreg framføre låtane for det norske folk. Berre ein artist går vidare til finalen i februar.

Laurdag 11. februar var første delfinale i MGP. Der gjekk Raylee vidare til finalen med låten «Wild».

Desse artistane skal stå på scenen no på laurdag:

Tore Petterson med låten «The Start of Something New». – Tore er kjent frå «Skal vi danse på TV 2». Der han er ein av dommarane.

Anna Jæger med låten «How About Mars». Anna har tidlegare vore med på «The Voice».

Rein Alexander med låten «One Last Time». Rein Alexander er kjent frå mange roller frå musikalscenen. Han slo kanskje for fullt gjennom etter han vann ei talentkonkurranse

Kim Wigaard og Maria Mohn med låten «Fool for Love». Både Kim og Maria har jobba mykje i revy- og musikalmiljøet i Noreg.

Dei fire songane kan du høyre her.

I tillegg til desse fire framføringane skal sjåarane også få sjå Didrik og Emil Solli-Tangen og låten «Out Of Air». Dei er direktekvalifisert til finalen 15. februar.

Skal du sjå Melodi Grand Prix 2020?

Skal du sjå Melodi Grand Prix 2020?

Ja, kanskje...12
JA! Sjølvsagt!15
Nei, trur ikkje det5
ABSOLUTT IKKJE!167
Veit ikkje3
Kaaaaanskje8
Svar totalt: 210