E-sport: Norske spelarar som gjorde det svært bra i 2019

Mange norske spelarar utmerka seg i fjor.

Mange norske enkeltdeltakarar har utmerka seg i fjor. Her er ei liste over dei som drog inn mykje pengar i 2019.

Saka er henta frå Gamer.no.

Emil Bergquist Pedersen, betre kjent som «Nyhrox» . Berre 16 år gamal vann Emil frå Re i Vestfold VM i Fortnite, saman med sin tidlegere duo-partnar David «Aqua» Wang. Dei delte på tre millionar dollar, som tilsvarar over 13 millionar kroner.

Ludvik «Aitzy» Jahnsen har tatt siger i PUBG Europe League i både fase 2 og 3, i tillegg til ein siger i Global Loot League Grand Slam og ein andreplass i PUBG Global Championship. Det sikra Ludvik ein pengepremie for nesten to og ein halv millionar kroner.

Casper «Hunterace» Notto gikk av med sigeren i Hearthstone World Championship. Casper har gjorde det utroleg bra i 2019 og ingen andre Hearthstone-spillarar henta meir premiepengar enn han i fjor. Han vann over 2,3 millionar kroner i fjor.

Andre spelarar som har gjort det godt i 2019:

  • Martin «MrSavage» Foss – Fortnite
  • Tommy «Taiga» Anh Le – Dota 2
  • Endre «Endretta» Byre – Fortnite
  • Håvard «rain» Nygaard – CS:GO
  • Jim Gunnar «Jeemzz» Eliassen – PUBG
  • Patrik «Pate1k» Zaharchenko – Fortnite
  • Joakim «jkaem» Myrbostad – CS:GO