Oldtids by leggast under vatn

Dei som styrer i Tyrkia vil satse på straum. Dei skal derfor legge ein av verdas eldste by under vatn slik at dei kan produsere straum.

Den 12.000 år gamle byen Hasankeyf i Tyrkia vil snart ligge tapt under 60 meter med vatn, skriv ABC Nyheter.

I den svært gamle byen er der tusenvis av holer, kyrkjer, gravplassar og alt som har forma den gamle byen.

Men dette vil bli sletta for all framtida, ettersom byen skal fyllast med vatn.

Når byen er dekt med vatn vil dammen bli den fjerde største i Tyrkia, og gi mykje straum til dei som bur i landet.

Byen Hasankeyf er den første av 200 små byar som skal leggast under vatn.