Framtidajunior Nyhende Greta Thunberg vil ikkje ha Nordisk råds miljøpris
Greta Thunberg. Foto: Anders Hallberg

Greta Thunberg vil ikkje ha Nordisk råds miljøpris

Greta Thunberg blei tildelt Nordisk råds miljøpris, men ho valde å ikkje ta imot prisen som ein protest mot manglande klimahandling.

Miljøprisen blei delt ut av den svenske miljøaktivisten Noura Berrouba i Stockholm konserthus tysdag kveld.

Isabelle Axelsson og Sophia Axelsson frå FridaysForFuture representerte Greta Thunberg, og framførte bodskapen hennar frå scenen. Thunberg seier at miljøet ikkje treng fleire prisar.

Sjølv er Greta Thunberg på reise på det amerikanske kontinentet. Ho skal etter planen delta på klimaforhandlingane til FN i Chile i desember.

Refsar Noreg

I ei melding på Instagram refsar Greta Thunberg blant anna Noreg for oljepolitikken vår. Ho viser til at Noreg nyleg har delt ut rekordmange lisensar for oljeleiting og opninga av Johan Sverdrup-feltet som skal produsera olje og gass i 50 år framover.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR