Berekraftsmåla skal gjere verda til ein betre stad å leve

Målet til FN er at alle 17 måla skal vere innfridd innan år 2030. Fleire av måla er på god veg.

1: Utrydde fattigdom

I 1990 levde 36 prosent av verdas befolkning i ekstrem fattigdom. Sidan då er talet på ekstremt fattige meir enn halvert. 767 millionar menneske lever i dag under fattigdomgrensa på 17 kroner dagen. Ekstrem fattigdom skal utryddast innan 2030.

2: Utrydde svolt

Sjølv om talet menneske som lever i kronisk svolt framleis er svært høgt, har delen sokke frå 23,3 prosent i 1990-92 til 12,9 prosent i 2014-2016. 821 millionar menneske er råka av svolt, medan nesten 2 milliardar opplever manglande matsikkerheit i perioder.

3: God helse

For at vi skal nå dette berekraftmålet er det mykje jobb som gjenstår. Mange alvorlege sjukdomar må utryddast, og andre store helseutfordringar må handterast.

4: God utdanning

Ei god utdanning er grunnlaget for å forbetre livet vårt. Jenter og gutar skal ha lik tilgang til utdanning og det skal vere gratis. Det har vore ei enorm auke på barn som får gå på skule, og då særskilt gjeld dette jenter og kvinner. 

5: Likestilling mellom kjønna

Likestilling er ein menneskerett. Det handlar om å gje begge kjønn like rettar og moglegheit til å bestemme over sitt eige liv. Kvinner sin tilgang til utdanning, helsetenester, arbeid og juridiske rettar er nødvendig for å skape utvikling i eit land. 

6: Reint vatn og gode sanitærforhold

Alle må ha tilgang til reint vatn og hygiene. Det finst nok ferskvatn på jorda, men dårleg økonomi og manglande infrastruktur (det som er nødvendig for at eit samfunn får utvikle seg). Det er gjort store framsteg, men utviklinga går for sakte. Millionar av menneske døyr kvart år av sjukdomar fordi dei ikkje har reint vatn og toalett. 

7: Rein energi for alle

Energi er viktig for alle utfordringar vi møter kvar dag. Energi som slepp ut CO2 er farleg for klimaet. Løysinga er fornybar energi frå sol, vind og vatn som også er berekraftig. Dette skal alle kunne bruke til ein pris dei kan betale.

8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst

Om lag halvparten av verdas befolkning tener så dårleg at dei ikkje kan leve av lønna si. Å skape økonomisk vekst og nye arbeidsplassar er med på å lage eit berekraftig utvikling i samfunnet. Å skape arbeidsplassar av god kvalitet er ei av dei største utfordringane for alle land fram mot 2030.

9: Innovasjon og infrastruktur

Lage eit samfunn som har godt utvikla vegar, vassleidningar, internett og anna infrastruktur og som har berekraftig industri som bidreg til forandring og nyskaping. Infrastruktur må vere på plass for at eit samfunn skal fungere. Det er alt frå politi, helsetenester, skule og transport. Dette er viktig for at samfunnet skal utvikle seg. 

10: Mindre ulikskap

Økonomisk vekst har gjort at fleire land har blitt rike. Då blir det også fleire som blir endå fattigare. Om ein reduserer ulikskapen mellom land og innanfor landa vil ein få ei berekraftig utvikling.

11: Berekraftige byar og samfunn

Meir enn halvparten av verdas befolkning bur i byar, og dette vil auke framover. 2,5 milliardar menneske vil flytte til byar innan 2050. Samtidig står byane 75 prosent av alle klimagassutslepp. Å by i byen må bli berekraftig.

12: Ansvarleg forbruk og produsksjon

Dette målet handlar om å gjere meir med mindre ressursar. Vi må minske ressursbruk, miljøøydelegging og klimagassutslepp når ein lagar ei vare. Dette vil vere bra for klima og gjere livskvaliteten betre for menneska.

13: Stoppe klimaendringane

Vi må handle umiddelbart for å kjempe imot klimaendringane. Vi må kutte i utslepp av CO2, og satse på fornybar energi. FN seier at verda klarer berre to grader med temperaturauke. Stig det over to grader vil det få store konsekvensar for alle.

14: Liv under vatn

Vi må bevare og bruke havet på ein måte som fremjar berekraftig utvikling. Mykje av det vi menneska er avhengige av startar i havet. Dette er regn, drikkevatn, véret, klima, mykje av maten vår og lufta som vi pustar inn. 

15: Liv på land

Vi må bekjempe ørkenspreiing, ta betre vare på dei store skogane, stoppe øydelegging av land og tap av artar. Skogen dekker 30 prosent av jorda si overflate. Over 80 prosent av alle dyr, planter, insekt som lever på land, bur i skogen. 1,6 milliardar menneske har skogen som sitt levebrød.

16: Fred og rettferd

Dette er FN si hovudoppgåve frå starten av. Fred er viktig for å skape utvikling for alle. Antall konfliktar og krigar i verda aukar, men talet på drepne går ned. 77.320 menneske blei drepne i krig i 2018. Dette var ein nedgang på 20 prosent frå året før. (Kjelde: UCDP ved universitetet i Uppsala).

17: Samarbeid for å nå måla

For å lukkast med alle måla må ein samarbeide. Næringslivet, kvart land og alle vi som bur på jorda.