FN-dagen

FN, eller Dei sameinte nasjonane, blei oppretta i 1945, etter andre verdskrigen. 24. oktober, kvart år, blir FN-dagen markert.

Etter krigen signerte 50 land ein pakt (avtale) der målet var å skape fred og samarbeide om å løyse ulike verdsproblem. No er 193 land med i denne organisasjonen.

Lovene som FN lagar blir kalla «Verdserklæringa om menneskerettar».

Lovene som fortel kva rettar barn i heile verda har, heiter barnekonvensjonen.

Barneombodet i Noreg passar på at dei som bestemmer i Noreg følgjer barnekonvensjonen

FN-pakta

FN-pakta er ein internasjonal skrifteleg avtale som skildrar reglane og prinsippa for styringa av FN.

Når eit land blir medlem av FN, går det med på å følgje pakta sine mål og reglar.

FN er viktig fordi FN får land til å samarbeide.

FN-bygninga ligg i New York, i USA. Dette er hovedkontoret og bygget er forma som eit gyllent rektangel. FN har ikkje eit eige kontor i Noreg, men her er nokre FN-organisasjonar som held til her.

UNICEF er knytta opp mot FN og har kontor i Oslo.

FNs klimapanel

FNs klimapanel er ei gruppe som samlar all ny forskning som kjem om klimaendringa. Kvar femte år lagar dei ein rapport om klimaendringane.

Her er dei 17 måla FN jobbar for

Dei 17 bærekraftmåla er ein plan for å gjere verda meir rettferdig. Landa i FN har laga denne planen saman.

FN sine 17 mål (Illustrasjon, FN.no