Kva med litt frityrsteikte grashopper til kveldssnacks?

Kokken Björn Svensson har gode tips til korleis du kan servere maur, grashopper, larver og sniglar som snacks.

– Maur kan du tørke i ovnen og bruke som krydder, seier kokken Björn Svensson til Forskning.no.

– Og grashopper og larver kan funke som snacks viss du frityrsteiker dei. Sniglar kan du koke i eit par minutt før du tek dei ut av skalet med ein tannpirkar.

– Det beste er å steike dei i ovnen, kanskje med litt urteolje og persille, seier Björn.

Trygg maur

Det er eitt insekt i den norske naturen som du ikkje treng å steike. Det er mauren. Den kan du trygt smake på når du er ute. Det kan være lurt å drepe mauren før du et den.

Hvis du ikkje vil drepe maur, kan du ta barken av ein bjørkekvist. Stikk kvisten inn i tua, og når du dreg den ut att og slikkar på den, smakar den surt.