– Korleis vågar de?

Greta Thunberg heldt ein sterk tale under klimatoppmøte i New York der ho skjelte ut dei som styrer i verda.

Sjå talen lengre ende i saka.

– Alt dette er feil. Eg burde ikkje stått her oppe. Eg burde vore på skulen på andre sida av verda. Og likevel kjem de til oss ungdomar for håp. Korleis vågar de? De har stole mine draumar og min barndom med dei tomme orda dykkar, sa Greta Thunberg til stats- og regjeringssjefar på FN sitt klimatoppmøte i New York på måndag.

Det var ein tydeleg prega Greta som snakka. Ho var i tårer og var både sint og frustrert. Men dei som sat i salen klappa og applauderte henne.

– Eg er derimot ein av dei heldige. Det finst menneske som lir, det finst menneske som døyr. Det er heile økosystem som kollapsar. Vi er i starten av ei masseutrydding og alt de kan snakke om er pengar og eventyr og evig økonomisk vekst. Korleis vågar de?