Rapinoe og Messi er kåra til årets spelarar i 2019

Megan Rapinoe og Lionel Messi fekk FIFA-prisane som årets kvinnelege og mannlege spelar i 2019.

Liverpool-manager Jürgen Klopp blei kåra til årets trenar.

To nordmenn nominert

I år var to norske fotballspelarar nominerte. Igjen stod Ada Hegerberg på lista. I tillegg var Caroline Graham Hansen nominert.

Kåringa til Det internasjonale fotballforbundet, FIFA, var 23. september, i Milano.

Dei nominerte kvinnelege spelarane: Lucy Bronze (England), Julie Ertz (USA), Amandine Henry (Frankrike), Sam Kerr (Australia), Rose Lavelle (USA), Vivianne Miedema (Nederland), Alex Morgan (USA), Megan Rapinoe (USA), Wendie Renard (Frankrike) og Ellen White (England).

Dei nominerte mannlege spelarane: Cristiano Ronaldo (Juventus), Frenkie de Jong (Barcelona), Matthijs de Ligt (Juventus), Harry Kane (Tottenham), Eden Hazard (Real Madrid), Sadio Mané (Liverpool), Kylian Mbappé (PSG), Lionel Messi (Barcelona), Mohamed Salah (Liverpool) og Virgil van Dijk (Liverpool).

I ein tidlegare versjon av saka blanda me saman prisen for beste spelarar med prisen Gullballen. Det er forskjellige prisar. Me beklagar feilen.

Spelar du fotball?

Spelar du fotball?

JA87
NEI6
Av og til15
ALDRI30
ALLTID34
Svar totalt: 172