Skuleelevar blir mikroplastjegarar

I haust skal over 20.000 skuleelevar hjelpa forskarar med å undersøkje skule- og nærområda for plastforureininga.

Saka er hendta frå Framtida.

– Barna er dei som verkeleg kjem til å kjenna på miljøproblema me som samfunn står overfor. Jakta på mikroplast er derfor viktig fordi det koplar dei store miljøproblema til kvardagen til barna og deira eige lokalmiljø, seier forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Ho håpar prosjektet skal vekkja eit livslangt engasjement for miljøet og for forsking.

Små plastbitar, men stort problem

I «Jakten på mikroplasten» skal elevar på alle trinn hjelpa forskarar med å henta inn data og ny kunnskap om miljøproblemet dei små plastpartiklane utgjer.

Elevane kjem truleg til å finna partiklar frå dekk, bitar av emballasje frå mat og godteri, frå leiker og sportsutstyr, kunstgrasbanar og klede. Etter prosjektet får klassane ein forskingsrapport som kan brukast i vidare undervisning.

– Eg håper også at dette gjer at barn reflekterer rundt korleis me alle bidrar til forureining frå plast og mikroplast, seier plastforskar Marte Haave ved forskingsinstituttet NORCE.

Sjå Haave presentere prosjektet her: