Keepertalent: – Det viktigaste er å trivast med ballen

Sander Kaldråstøyl Østraat (14) er eit keepertalent du kan merka deg. I år har han vore på to landslagssamlingar, og fått møta landslagskeeper og tysklandsproff Rune Almenning Jarstein.

– Det var kjekt å møta han! Og så er det òg rart når ein tenkjer alt han har oppnådd. Eg bruker Jarstein når eg speler FIFA.

– Kva råd kjem Jarstein med, då?

– Han seier det alle seier. Du må jobba hardt, men du får det til viss du verkeleg vil det.

TRENER MED MORFAR: Keeper-talentet Sander Kaldråstøyl Østraat (14) får mange gode råd frå morfar Jarle «Katten» Kaldråstøyl. Foto: Svein Olav B. Langåker

Trener med morfar

Sander Kaldråstøyl Østraat trener minst ein gong i veka med morfar Jarle Kaldråstøyl. Ofte blir det både to og tre ekstratreningar. Jarle Kaldråstøyl byrja som A-lagskeeper som 16-åring og slutta då han var 37.

– Eg har lært mykje av min kjære morfar.

Sander byrja å stå i mål i 3.klasse etter å ha spelt ute. Han hugsar dei tapte masse, for dei var ikkje så gode då dei var små.

– Keeperrolla har endra seg

Jarle Kaldråstøyl fortel at rolla til ein keeper har endra seg dei siste tiåra.

– Styrken til Sander er at han har god speleforståing og speler ofte utanfor 16-meteren. Dagens keeperar er meir spelande enn tidlegare. Ein keeper må vera god i beina. Han må kunne alt det andre fotballspelar kan, i tillegg til alt ein keeper skal.

DREPAREN: Den tøffaste øvinga blir kalla «dreparen». Då slenger Sander Kaldråstøyl seg etter ballen i eit stort tempo. Det er tøff trening med morfar Jarle Kaldråstøyl. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ein keeper treng ikkje å vera stjerne og få all merksemda – men samtidig får ein vera litt sjef og styra laget og vera med på å vinna.

Sander legg til:

– Keeperen er kanskje den spelaren som gjer minst feil på banen i løpet av ein kamp, men når han gjer ein feil, så ser alle det.

Drøymer om storlag

Som keeper står ein og ser heile kampen, og har eit overblikk dei andre på banen ikkje har høve til å få.

– Som keeper har ein evne til å påverka kampen, seier Sander. 

Saman med fleire andre på Stord er han med på å reisa til FK Haugesund på treningar, og så er det treningar på Stord. Det er helgesamlingar, kampar – og ikkje tid til så mykje anna.

– Men det er jo det eg synest er gøy, då – å spela fotball, seier 14-åringen.

Han håpar på å leva av fotballen i framtida.

– Manchester City eller Barcelona hadde vore utruleg bra. Men det er òg vanskeleg. Då må eg trena hardt.

MEDISINBALL: Det er tungt å redda tunge medisinballar. Foto: Svein Olav B. Langåker

Sander sine råd til yngre spelarar

  1. ha det kjekt med ball
  2. spel mykje med kompisar. Spel heile dagen, og så får det heller bli meir seriøst når du blir eldre.
  3. ha fokus på treningane