Jonas (21) kan bli landets yngste ordførar

Jonas er 21 år gamal og kjem frå Sokndal i Rogaland. Han er politikar for Kristeleg folkeparti. No ser det ut som at han kan bli landets yngste ordførar.

– For det første har eg eit brennande engasjement for menneskeverd og andre menneske, og for det andre ønsker eg å vera med å bygga og utvikla bygda eg er så glad i. Det er her eg har vakse opp – og det er her eg ønsker å stifta familie og ein dag bli gammal, skriv Jonas Andersen Sayed i ein e-post til Framtida.no.