Ny norsk varmerekord i Etne

I dag var det 30,4 varmegrader i Etne kommune. Det har aldri før vore så varmt så seint på året i Noreg.

– Vi får det varmare og varmare seinare på året. Vi har aldri målt 30 grader så seint i august, så dette er då ein noregsrekord. Det kjem av at resten av kloden blir varma opp, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til NRK.

Det seinaste det er målt 30 grader i Noreg før, var 26. august 1947.

Klimaendringar

– Det er effekten av klimaendringane vi ser?, spør NRK sin journalist.

– Ja, dei varmaste hetebølgjene blir varmare, medan dei aller kaldaste kuldeperiodane ikkje blir like kalde som før. Eg gjorde ein sjekk på varme- og kulderekordar i ulike land siste 20 åra. Det var fire–fem gonger fleire varmerekordar som var slått enn kulderekordar, svarar Kristian.