Kvitkvalen Hvaldimir finn søppel i havet

Kvitkvalen har avdekka store mengder søppel i hamna i Hammerfest

Forskarane har festa eit kamera på ryggen til kvalen og opptaka viser kva som skjuler seg i djupet, skriv Dagbladet.no.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Svært forureina

Gamle øl- og brusflasker, gummihanskar og ein telefon er blant tinga kvitkvalen svøm rundt i. Hammerfest er ein av dei mest forureina hamnene i Noreg med store mengder miljøgifter lagra på havbotnen.

– Store delar av tinga er dekka med smuss og skit som er veldig forureina. Dette kan vera problematisk over tid for kvalen Hvaldimir, seier forskar Richard Karoliussen til Dagbladet.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here