YouTubar er årets BlimE-artist

Stina Talling er 16 år og kjem frå Bergen. Ho er kjend frå YouTube og er årets BlimE-artist for NRK Super.

Då eg høyrte dei ville ha meg som BlimE-artist blei eg dødsglad. Eg har alltid likt BlimE-konseptet så det er ei stor ære, seier Stina til Supernytt.

BlimE er ein vennskapskampanje. Målet er å fremme vennskap og omsorg for kvarandre.

Slagordet er “Sei hei! Ver ein venn! BlimE!

Kvart år blir det lansert ein song med ein tilhøyrande dans. Årets artist er Stina Talling som mange kanskje kjenner igjen frå YouTube.

I fjor var det Freddy Kalas som var årets BlimE-artist.