Onsdag 22. mai:
Aladdin

Alder: 9 år
Ein splitter ny versjon av Disney sin klassikar «Aladdin». Historien handlar om den sjarmerande guten Aladdin, og den modige og sjølvstendige prinsesse Jasmine. Også Genie, sjølvsagt. Det er anden i lampa som gir Aladdin tre ønskjer.
Fredag 24. mai:
UglyDolls

Alder: 6 år
Dette er historia om Moxy som elskar sitt originale liv i den heilt spesielle byen Uglyville. Ho er så nyfiken på kva som skjuler seg på andre sida av fjellet at ho samlar ein gjeng med vener for å undersøkje. Dei oppdagar ei verd som blir kalla “Perfeksjon”, ein by der meir klassiske dokker får opplæring i skikk og bruk før dei vert sendt til eit barn som skal leike med dei.
31. mai:
Ulv i fåreklær 2

Alder: For alle
Kan sau og ulv leve saman i fred? I Den Forente byen lev får og ulv eit fredeleg og roleg liv saman. Men ein dag får dei uventa gjester – ein polarrev og ei lita søye på flukt. Gray, leiaren av Den Forente Byen, beskyttar dei, men han får ei livstruande utfordring: Skal han adlyde rovdyra sine lovar eller kjempe mot dei? Kan hans mot og oppfinnsemd bringe fred attende til byen?