Japan får ny keisar

85 år gamle Akihito overlet tronen til sonen Naruhito. Det er over 200 år sidan ein keisar gjekk av.

Keisar Akihito gir seg. (Foto: Gil Nartea / Malacañang Photo Bureau/Wikipedia)

Keisardømet i Japan er 2600 år gamalt. Og no får dei altså ny keisar.

Alle i landet får ti dagar fri for å feire den nye keisaren.

Grunnen til at den gamle keisaren gir seg er på grunn av sviktande helse.