Lag fargerike geléegg i påska

Kan du fylle eit ekte egg med gele? Juniorjournalist Elea (7) viser deg korleis!

Les om då Framtida Junior lurte 2. klasse på Skånevik skule her!

Slik kan du lure vener og familie:

  • Vask og tørk egget.
  • Lag eit lite hol i egga med ein skarp kniv. 

  • Bruk ei spiss saks til å klippe vekk små bitar i holet, slik at det vert litt større. Be gjerne ein vaksen om hjelp.

  • Ta fram ei skål du kan ha under når du pirkar ut innhaldet i egga.
  • Bruk ein tannpirkar til å stikke hol på plomma i egga. Slik at også den kjem ut.

  • Vask egga i kaldt vatn.
  • Legg egga i ein kjele, fyll opp med kaldt vatn. Før du set på varme på kokeplata er det lurt å senke egga ned i vatnet. Det gjer du ved å stikke ein tannpirkar inn i holet og dra egget ned mot botnen på kjelen. Då kjem det luftbobler opp til overflata, og når det ikkje kjem bobler meir, kan du sette på varme på plata.

  • Kok opp. La koke i cirka fem minutt slik at alle bakteriar forsvinn.
  • Medan egga koker kan du lage gelé (kjøp ein pakke på butikken og følg oppskrifta – få gjerne hjelp av ein vaksen å koke geléen).
  • La geléen kjøle seg litt ned.
  • Bruk ei lita trakt til å fylle opp egga. Har du ikkje trakt, kan du fylle ei skål med gelé og legge egga i geléen. Då skjer det same som då du skulle koke egga. Det kjem bobler. Egga er fylt med gelé når det sluttar å boble.

  • Sett egga i kjøleskapet i cirka to timar, slik at geléen blir stiv.

  • Egga er klare. Hugs å snu dei opp ned i eggekartongen når du skal lure nokon!

  • Server gjerne med vaniljesaus!
LAGA GELÈEGG: Juniorjournalist Elea Nerheim Myrtvedt (7).