Klekka 19 påskekyllingar i rugemaskin

Familien skulle ha fire kyllingar, med enda opp med 19 pjuskete små.

Visste du dette om høner?
  • Det kjem stadig nye hønserasar, og gamle døyr ut. Men, ein reknar med det totalt finst cirka 500 ulike hønserasar i verda. I Noreg er det 60 rasar.
  • I 2018 var det cirka fire millionar høner i Noreg (ifølgje Nortura).
  • I Noreg er cirka 60 prosent av hønene frittgåande høns, altså høns som får gå fritt inne i hønsehuset. Resten av hønene er burhøns eller høner som får gå fritt ute og inne. Nokon av desse er økologiske høns.
  • Det tek cirka 21 døgn frå høna legg eit egg til det er klart for klekking.
  • Hanen er «sjef». Etter han kjem dei eldste hønene, og så yngre høner. Nedst i hierarkiet kjem kyllingar og unge hanar.
  • Høner «snakkar» med kvarandre gjennom lydspråk. Forskarar har funne over 20 lydar som betyr noko konkret.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Då mor til Vilde Johansen Winterthun (6), Tobias Johansen (11) og Malin Johansen (10) bestilte kyllingegg på internett, fekk ho beskjed om at det kunne vera lurt å prøve å ruge fram cirka 20 egg. Då ville dei mest sannsynleg ende opp med fire-fem silkehøns, sidan mange av egga kunne vera tomme, eller ikkje overleve. Ho bestilte 21 egg som kom i posten – godt innpakka i isopor og kartong.

RUGEMASKIN: – Vi fekk låne ein rugemaskin av ein familie vi kjenner, så no ligg dei inni her, fortel Vilde. Foto: Janne Nerheim

– Vi fekk låne ein rugemaskin av ein familie vi kjenner, så no ligg dei inni her, fortel Vilde.

Fyrste gong Framtida Junior er på besøk lyser ho med ei lommelykt inn i egga for å sjå om det er egg som er tomme. Det viser seg at det er kyllingar inni heile 19 egg.

– Du ser at det er ein kylling her fordi vi kan sjå at det er noko mørkt inni, i tillegg til blodårer, viser Vilde.

Eit lite nebb

Klekking byrja med at ein kylling byrja å stikke nebbet ut av skalet. Fleire kyllingar laga sprekker i skala sine.

LYS: Ungane har fleire gongar sett på YouTube-videoar med kyllingkvitring for å motivere kyllingene til å kome ut av skalet sitt. Foto: Janne Nerheim

– Vi trudde ikkje det skulle ta så lang tid, vi har venta i heile dag, seier Malin.

Etter skulen har ho stort sett vore inne på vaskerommet der rugemaskinen står.

– Då eg song for dei, og laga pipelydar, laga dei pipelydar tilbake! Vi kan høyre dei pipe inni der, fortel Malin.

– Det er visst slik at dei kjem raskare ut av egga når dei høyrer kvitrelydar, fortel mamma Marita.

Ungane har fleire gongar sett på YouTube-videoar med kyllingkvitring for å motivere kyllingene til å kome ut av skalet sitt.

Spennande morgon

Seinare same kveld er det eit lite nebb som hakkar seg gjennom egget. Så eitt til. Og eitt til. Gjennom heile natta kjem dei ut, ein etter ein. Pjuskete og våte.

– Nå er det berre tre kyllingar som er att i egga sine, melder mamma Marita tidleg neste morgon. Kyllingane må vera inni maskinen eit døger etter dei er ute av egga.

No skal kyllingane vera inne ei stund, så skal dei etter kvart flytte ut i leikehytta som no skal bli hønsehus.

KLAR FOR VERDA: Ein kylling har byrja å stikke nebbet ut av skalet. Foto: Janne Nerheim
ENDELEG: Den aller fyrste kyllingen er ute! Foto: Marita Johansen
SØSKEN: På dette bildet er det berre tre kyllingar som er att i egga sine. Foto: Marita Johansen
VARME: Kyllingane har fått ei eiga eske med spon og varme. Foto: Janne Nerheim
VAKSEN HØNE: Slik ser ei vaksen silkehøne ut. Foto: Eggybird/I Craig/Wikipedia Commons/CC-BY-2.0