Tre jenter er fengsla og sikta for å fornærme landets leiar

I Burundi, eit afrikansk land, er tre jenter blitt arrestert etter at dei teikna på bilete av president Pierre Nkurunziza.

No er det ein kampanje på Twitter, med #FreeOurGirls, der mange legg ut bileter av presidenten med påteikna strekar. 

Dette gjer dei for å vise omsorg for dei tre jentene som blei fengsla og risikerer fem års fengsling fordi dei fornærma presidenten med å  skrible over eit bilete av han.