Framtidajunior Visste du at? Kan sopp og bakteriar løysa plastproblemet?
FOTO: Pixabay

Kan sopp og bakteriar løysa plastproblemet?

Soppen Aspergillus tubingensis bryt ned plast. No jobbar forskarar med å finne ut korleis sopp og bakteriar kan hjelpe på klimaproblema.

Plasten vi kvittar oss med hopar seg opp i naturen og har funne vegen heilt ned til dei djupaste havområda i verda. Problemet med plast er at han brukar fleire hundre år på å bli brote ned i naturen og utgjer ein stor fare for dyrelivet, spesielt i havet, skriv Framtida.no.

Plastetande sopp

I 2017 fann forskarar over 2000 nye soppartar i 18 land. Ein av desse nye soppartane var Aspergillus tubingensis, som vart funne på ei søppelfylling i Islamabad, Pakistan. Soppen kan vere nyttig, fordi han skil ut eit enzym som bryt ned plast.

Forskar Ilia Leitch sa til CNN i haust at sjølv om dei er i ein tidleg fase av forskinga, håpar dei å sjå fruktene av ein sopp som kan ete plast i løpet av fem til ti år.

I 2016 fann japanske forskarar ein bakterie som bryt ned plast i avfallet frå ein attvinningsstasjon. Den bakterien har namnet Ideonella sakaiensis og bryt ned ein type plast som vi finn i plastflasker.

 

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Bok eller film – kva er best?

Mange filmar er basert på bøker. Men er boka eller filmen best? Olive, Salomon og Åshild deler sine tankar om bøker som har vorte filmar og kva dei meiner må til for at filmen skal bli like bra som boka.

VIDEOAR