OPPSKRIFT: Heimelaga iskrem

Her får du vite korleis du lagar verdas beste is heilt sjølv!

(8 porsjonar)

Dette er ein is med seigmenn og sjokolade, men her kan du vera kreativ! Hugs at isen må stå i frysaren i minst fire timar før den blir stiv.

Utstyr:

Åtte koppar (til å servere isen i)

Ein kopp (til å knekke egg i)

Ein isboks (til å fryse isen i)

To skåler

Handmiksar

Ein bolle

Ein slikkepott

Kniv

Ingrediensar:

4 egg

2 ss melis

2 ts vaniljesukker

4 dl kremfløyte

20 seigmenn

100 g mørk kokesjokolade

FOTO: Matstart.no

Slik gjer du:

  1. Finn fram ein kopp og to skåler. Start med å knekke eit egg over koppen. Du skal kun bruke eggeplomma.
  2. Tøm egget over skåla medan du bruker hånda di til å «fange» eggeplomma. Legg eggeplomma over i den andre skåla. Gjer det same med resten av egga.
  3. Mål opp melis og vaniljesukker, og ha det i skåla saman med eggeplommene.
  4. Sett stikkontakten til handmiksaren i støpselet. Visp eggeplommer, melis og vaniljesukker til stiv eggedosis. 
  5. Vask handmiksaren. Mål opp fløyte og ha det i ein bolle. No skal du lage krem. Bruk handmiksaren til å vispe fløyten. 
  6. Bruk ein slikkepott og skrap kremen over i eggedosisen du allereie har laga. Bruk slikkepotten og bland godt, slik at du får ein fin, lysegul krem.
  7. Kutt seigmenn i små bitar og ha i ein kopp. Hakk sjokolade i små bitar og ha i bollen. Pass på fingrane dine! Bland inn seigmenn og sjokolade.
  8. Hell isblandinga i ein isboks. Dekk med plastfolie. Sett boksen i frysaren i minst fire timar.
  9. Når du tek isen ut av frysaren: La isen stå i kjøleskapet i 20 minutt før du skal servere. Då blir den enklare å lage iskuler av.
  10. NYT!

 

Kjelde: Matstart.no