DEL 3: Kva seier forskaren

Borgar Aamaas er forskar innanfor klima. Kven forureinar mest? Bygd eller by?

Borgar Aamaas er forskar innanfor klima

– For dei dagleg reisande er det dei som bur mest sentralt (i byen) som har dei lågaste utsleppa, fordi dei brukar kollektivtransport, og går eller syklar. El-bil byrjar å bli vanleg, og så langt er det flest el-bilar i byar.

– Dei som bur lengre vekke frå sentrum på bygda, brukar bilane i langt større grad.

  • LES OGSÅ: Bygd
  • LES OGSÅ: By

Fly og lengre reiser skapar mest utslepp

– Men det er dei som bur i byar som tek mest fly, og derfor er med på dei større miljøutsleppa.

Folk som bur i byar forureinar mindre, dersom dei IKKJE tek flyreiser.

Så mykje CO2 blir sloppe ut per passasjer-kilometer:

  • Trikk: 14
  • T-Bane: 39
  • El-bil: 42
  • Tog: 45
  • Dieselbuss: 114
  • Hybridbil: 144
  • Bensinbil: 166
  • Dieselbil: 167

(Kjelde: Vestlandsforsking)