Tvillingane lurte læraren i fleire dagar

Kva har Astrid (9) og Ragnhild (9) til felles med Marcus og Martinus? Dei er tvillingar! Og dei veit korleis dei kan lure folk til å tru dei er kvarandre.

tvillFor ni år sidan kom Astrid til verda. Nokre sekund etter kom Ragnhild.

Det er både grusomt og fint å vera tvillingar, ler Astrid.

Det er fint å ha nokon å leike med, men det er ikkje alltid Ragnhild vil leike, og då er det ikkje kjekt, legg ho til.

Berre styr i same klasse

Jentene går på Bryne skule. Dei går i forskjellig klasse, slik at alle veit kven som er Astrid, og kven som er Ragnhild.

Eg er veldig lei av at folk spør kven eg er, seier Ragnhild.

Det vart berre styr då vi gjekk i same klasse, fortel Astrid.

Vanskeleg med bursdagar

Men no når dei går i kvar sin klasse, hender det at dei vert invitert i ulike bursdagar. Det er vondt for den eine som ikkje får vera med.

Viss ein av oss får komme i selskap, og ikkje den andre, er det ikkje kjekt for den som må vera heime, fortel Astrid.

Ein gong fekk Astrid invitasjon til bursdag hos ein ven i klassen som skulle feire bursdagen sin på Rush i Stavanger.

Då blei eg så lei meg at pappa tok meg med dit, slik at eg også fekk vera på Rush. Sjølv om eg ikkje var invitert i bursdagen, seier Ragnhild.

Lurte lærarane

På den førre skulen dei gjekk bytta dei klasse utan at nokon visste det. Slik heldt dei på i fleire dagar, og ingen skjønte det.

Vi bytta sekk, pult og namn. Etter kvart var det nokon i klassen som skjønte det, men lærarane såg det ikkje, seier Ragnhild.

Det er nemleg ikkje lett for nokon å skilje dei. Fotballtrenaren dei hadde sleit også med det.

Vi måtte bruke sko med ulik farge, og dei kalla oss ofte berre «Sperrevik 1« og «Sperrevik 2».

På heimebane er det helst pappaen som har hatt trøbbel med å sjå kven som er kven.

Ein gong sovna vi i stova, og han skulle bera oss til sengene våre. Då vakna eg opp i Astrid si seng, og ho i mi, ler Ragnhild.

Heime bur dei på ulike rom. Dei kan ikkje sove saman, for då blir det meir prat enn søvn. På fritida går dei begge i korps, og dei skal starte på teater til hausten. Men, Astrid går på dans og Ragnhild har gått på fiolin, så dei likar forskjellige ting.

Små skilnadar

Sjølv meiner tvillingane at det finst fleire ting folk kan sjå etter om dei treng vite kven som er kven.

Eg har meir fregner, seier Astrid.

Og Astrid har større mellomrom mellom tennene, fortel Ragnhild og peikar på søstera sin munn.

Eg er også litt høgare enn Ragnhild, fortel Astrid.

Marcus og Martinus

FOTO: Fred Jonny / Sony

Dei kranglar ein del, og blir fort vener att, slik som søsken flest. Dei er ulike, og like. Men det er ein ting dei begge er heilt fullstendig einige om. Marcus og Martinus lagar verdas beste musikk!

Bursdag same månad

Vi har vore på tre konsertar med Marcus og Martinus!, ropar Astrid.

Det er kjekt at dei er tvillingar også – og vi er alle født i februar! Vi er født 23. februar, og dei er født 21. februar, seier Ragnhild.