Bruno Mars spanderer Thanksgiving-middag på 24.000 menneske

Superstjerna markerer slutten på sin «24K Magic»-verdsturné med å donere 24.000 middagar.

FAKTA: Bruno Mars
  • Bruno Mars er ein amerikansk songar og produsent.
  • Han har blitt nominert til 10 Grammys, og vann Beste Mannlege Pop Artist med songen «Just the Way You Are».
  • Kjendisnamnet Bruno Mars kjem frå faren som alltid kalla han Bruno. Den siste delen av namnet blei til då han tulla med nokre vener. Han sa “Eg heiter Bruno og eg kjem frå Mars”.
LES FAKTALUKK FAKTA

Mars gir pengar til den veldedige stiftinga Hawaii Community Foundation som er Frelsesarmeen si Hawaii-avdeling, skriv Godt.no.

Takkefest

Dei lagar til middag for å hjelpe dei som treng det på Thanksgiving, som er ein amerikansk takkefest. Det var Hawaii-avisa Honolulu Star-Advertiser som omtala den gode nyhenda fyrst.