– Dei konkurrerer om meg

Korleis er det å vera storesyster til tvillingar? Det veit Sigrid (11) som er søstra til Ragnhild og Astrid.

Når folk spør meg korleis eg ser forskjell på dei, forstår ikkje eg kva dei meiner, ler Sigrid.

Ho ser nemleg veldig lett skilnad, og tvillingsøstrene har aldri klart å lure ho ved å bytte plass.

– Eg ser store skilnadar på korleis dei går, korleis dei snakkar. For meg er dei to veldig ulike personar, fortel ho.

Krevjande

Sigrid er glad for å ha tvillingsøstre, men må innrømme at det kan vera ganske krevjande også. Av og til kjenner ho seg som eit tredje hjul på vogna.

SKODESPELARAR: I sommar spela Astrid (til venstre) og Ragnhild teater saman for fyrste gong. FOTO: Janne Nerheim

Av og til snakkar dei i munnen på kvarandre, og om eg prøver å seie noko, får eg berre eit “hysj” tilbake, fortel Sigrid.

Andre gongar konkurrerer tvillingane om kven som skal vera mest med Sigrid.

Viss eg er med ein av dei, blir den andre ofte sur. Då er det viktig at eg er like mykje med begge. Det må vera akkurat like lang tid, seier ho.

Gøy når folk blir lurt

Men det er spesielt ein ting Sigrid likar at jentene gjer. Lureri!

Det er gøy å sjå når folk ikkje klarar å sjå forskjell på dei, og det er gøy når dei liurer folk trill rundt. I førre veke lurte dei bestefar. Dei bytta namn når vi kom på besøk. Han skjønte ingenting, ler Sigrid.

Ein anna ting ho hugser er den gongen far deira la tvillingane i feil seng.

– Dei sovna på sofaen, og pappa skulle bera dei i seng. Han klarte ikkje å sjå forskjell på dei, og dei vakna i feil seng. Det var gøy!