Gir gratis skulegang til barn råka av krig og konflikt

Buddies for Africa er ein liten norsk hjelpeorganisasjon som jobbar for å gi tolv års gratis skulegang til barn i Kongo.

Fakta om Buddies for Africa
  • For ni år sidan bestemte ein kameratgjeng frå Bergen seg for å hjelpe. Dei starta med gi helsehjelp og bygge skular i krigsherja land, men har no fokusert seg på å ordne gratis skulegang til barn som er på flukt frå Krig.
  • I dag gir Buddies tolv års skulegang til 325 barn.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Jacob Jorem var nyleg i Kongo saman med Buddies. Der møtte han også fredsprisvinnaren, Denis Mukwege, som er veldig positiv til arbeidet dei gjer i landet.

Mukwege sa at fredsprisen tilhøyrer alle som jobbar for kvinner og barn som er traumatisert av krig, seier Jorem.

LEGE: Jacob Jorem er lege på Diakonhjemmet i Oslo, men har nyleg vore i Kongo der organisasjonen Buddies jobbar frivillig med å betre forholda for barna. FOTO: Emil W. Breistein/Buddies for Africa

– Han var ein utruleg flott og audmjuk mann.

Borgarkrigen i Kongo

I Kongo er det vanskelege tider. Det kjem av ein nesten samanhengande krig og konflikt i austlege Kongo, sidan folkemordet i Rawanda i 1994. Den politiske uroa i Kongo har fått bensin på bålet etter at president Joseph Kabila i 2016 nekta å gå av, og utsette presidentvalet på ubestemt tid. Under krigen blei mange kvinner tatt til fange, der dei også blei valdtekne. Barna dei fekk etter valdtektene er blandt barna Buddies prøver å hjelpe.

Desse barna blir utstøytt av familien og samfunnet elles. Dei har ikkje anna val enn å bli gatebarn, om dei ikkje får hjelp, seier Jacob.

DYRE UNIFORMAR: For å gå på skulen må elevane ha uniform. Dette kostar mykje pengar, og mange har ikkje råd utan hjelp. FOTO: Emil W. Breistein /Buddies for Africa

Gir gratis skulegang

Buddies gir derfor gratis skulegang til barna. For å kunne gå på skulen må kvar familie betale ein fast sum kvar månad. Dette er svært dyrt for dei som ikkje har pengar.

Barna treng pengar til bøker, uniform, sko – ja, alt ein treng for å kunne gå på skulen. Det er dette vi hjelper til med.

– Mor til mitt land

Det er mange rørande augneblikk Jacob har opplevd på reisa til Kongo. Han hugsar spesielt ei jente han møtte.

Eg skal bli mor til mitt land, sa ho til meg. – Det gløymer eg aldri. Ho vil bli sjukepleiar og mor til sine eigne barn, men også gjere ein jobb for landet sitt.

 

FREDSPRISVINNAR: Legen Denis Mukwege kjem frå Kongo. Han har spesialisert seg på å behandle kvinner som har blitt valdtekne. I 2008 mottok han FNs menneskerettighetspris. 10 desember i år får han Nobels fredspris saman med IS-fangen Nadia Murad. FOTO: Wikipedia/CC BY-SA 3.9/Claude Tround-Ngoc.