Norges Fotballforbund lagar landslag i e-sport

Forbundet vil satse på dette fordi dei vil auke barn og unge si interesse for fotball - både ute på fotballbana og heime i sofaen.

Forbundet skal sette saman eit landslag med spelarar som skal spele FIFA. Dei må også meistre Pro Evolution Soccer. I tillegg må dei også vera gode i både Xbox og Playstation, melder Gamer.no.

– Vi vil satse på dette fordi vi veit at fotballinteresserte barn og unge gjerne spelar fotballspel og ser fotball inne, når dei ikkje er ute for å spele. Difor trur vi dette vil styrke fotballinteressa, seier Mats Theie Bretvik til Framtidajunior.no. Han er ansvarleg for sosiale medier i Norges Fotballforbund.

Treningar

E-sportlandslaget skal bestå av ein tropp med seks til åtte spelarar, som skal samlast rundt seks gongar kvart år. Treningane blir på Ullevaal stadion i ein eigen losje som skal nyttast til e-sport.

Landslagsspelarane får betalt for kampar og samlingar dei deltek på. I starten skal laget spele privatlandskampar mot andre land, men etter kvart vert det internasjonale turneringar.

Leiter etter spelarar

Laurdag 13. oktober blir det arrangert ein turnering på Ullevaal. Målet er å finne spelarar som skal bli ein del av landslaget.

YouTubar og FIFA-gamer Marius Hjerpseth er den einaste spelaren som er klar for landslaget så langt.