Tips til korleis du kan få nye ferievener

Kva kan du sjølv gjere for at dette vert ein sommar som er fylt med nye, kjekke vener?

1. Sei hei til nye folk: Sei hei til alle du møter. Kanskje fører det til ein samtale?

2. Augekontakt og smil: Om du smiler mykje og får augekontakt med folk, vil dei like å vera saman med deg.

3. Ver sjølvsikker: Når du er open og pratar med alle, vil folk prate tilbake. Dersom du er trygg inni deg sjølv, er det lettare for andre å vere med deg.

  1. Lat som om du ikkje er sjenert: Dersom du latar som at du ikkje er sjenert, vil du klare å lure hjernen din, slik at du blir mindre sjenert!

5. Ver modig og start ein samtale: For å finne ut kven som er interesserte i det same som deg, må du snakke med andre.

6. Ver positiv: Sprei mykje glede rundt deg! Gje kompliment til dei rundt deg, le og fortel vitsar.

7. Ver deg sjølv: Gode vener er dei som likar deg slik du er, og for å finne dei venene, må du vere deg sjølv.

(Kjelde: Ung.no)