– Eg fekk 15 nye vener på campingtur

Johannes Skjølingstad Løhaugen (11) er ein kløppar på å finne nye vener på ferie. Han har faktisk pønska ut kor campingvogna må parkerast for å få flest mogleg ferievener.

Det baller fort på seg når Johannes er på ferie.

Viss eg er på campingtur finn eg lett nye vener. Sist møtte eg 15 nye vener eg kunne prate og leike med, fortel han.

CAMPINGEN: Vi kan skimte Johannes til venstre for campingvogna med den kvite bilen. FOTO: Privat

Vi hadde noko til felles

Johannes har lært seg korleis ein kan få seg nye vener. Alt frå fotball til kø-snakking.

Fyrst snakka eg med ein ven eg møtte for fem år sidan. Vi har ikkje hatt kontakt sidan, men eg såg han der på campingen. Han hadde fem andre vener, så vart eg ven med dei. Seinare snakka eg med nokon om Champions League finalen, og då vart vi vener. Vi hadde noko til felles, det er lurt. Så stod eg i kø for å køyre gokart, og der møtte eg resten.

På campingplassen hadde familien til Johannes plassert vogna midt på plassen.

Det fann eg ut at var den beste plasseringa, for alle eg møtte den dagen samla seg hos oss, seier Johannes.

TEK KONTAKT: Johannes får som regel alltid vener når han er på tur. Om det er på familie- eller organiserte turar. FOTO: Privat

Skandinaviske vener

Johannes får som regel alltid vener når han er på tur. Anten om det er på familieturar eller organiserte turar.

Ein gong eg var på fotballskule i Danmark møtte eg mange som snakka dansk. Men det gjekk bra det også. Vi spela fotballgolf, og då var det ein som sa at Noreg, Sverige og Danmark er så gode vener – at då må vi vera vener også, fortel Johannes.