Ta vare på kvarandre

Mia har skrive eit lesarbrev om det å ta vare på kvarandre. Ho samanliknar det å bry seg om andre som ein betalt jobb.

Å ta vare på kvarandre er noko vi alle må huske på. Det er ikkje berre noko ein må tenke på, men noko ein må gjere. Tenk deg at det er ein jobb å bry seg om andre, og du får lønn av det.

Lønna di er at dei kjem til å bry seg om deg tilbake. Ver mot andre slik du vil dei skal vere mot deg. Det er ein viktig hugseregel. Men det er også eit val du må ta, for å kome deg vidare i livet.

Livet blir 1000 gongar lettare om du får snakka ut om ting. Dele tinga du tenker på, uansett kva det er. Og du får nokon å stole på. Om det er ein voksen, lærar, venn, søster, familie eller eit dyr. Det viktigaste er at du har ein å stole på. Husgs å ta vare på dei som er bra for deg, som hjelper deg når vegen er bratt. Og som ville gått rett bort til deg viss du var lei deg. Det er slike personar som er verdt å bruke tida si på.