Fyrstedamene vil ha slutt på internering av barn

Kona til Donald Trump , Melania Trump, og fleire andre fyrstedamer vil ikkje at barn skal skiljast frå foreldra på grensa til Mexico, for deretter å bli satt i leir.

Det er VG som skriv dette.

Rundt 2000 barn er dei siste vekene satt i ulike leirar etter å ha blitt tatt med tvang frå foreldrene som tok seg ulovleg over grensa frå Mexico.

Melania Trump går derfor imot hennar eigen mann, president Donald Trump, når ho kritiserar politikken han fører.

Melania likar ikkje å sjå barn og foreldre som vert skilt frå kvarandre, og håpar USA kjem fram til ein politikk som følgjer alle lover, men som også er eit land med hjartevarme.

Ordforklaring

  • Fyrstedame: Kona til presidenten får namnet fyrstedame. Det at fleire fyrstedamer har gått ut og støtta Melania Trump, vil seie at fleire av konene til eks-presidentar støttar henne.
  • Internering er vanlegvis friheitsberøvelse av menneske, ofte i store grupper, utan dom.