– Kanskje du vil angre deg

Anna Haugeberg Midtbø (10) har skrive eit dikt om sosiale medier til skrivekonkurransen vi arrangerte i vår.

Sosiale medium er viktig å ha, men dei er ikkje berre bra.

Du kan leggje ut bilder, og finne fine kjelder.

Du kan få bilder du ikkje vil ha, det er ikkje bra.

På Facebook likar mange seg, men kanskje du vil angre deg.

På YouTube kan du sjå mykje rart, men alt er ikkje like smart.

På Instagram kan du lage ein brukar, og leggje ut bilder som alle andre slukar.

På Musically kan du lage ein dans – der du beveger deg framover, bakover og på langs.

På Snapchat kan du sende både bilder og ein videosnutt, men pass på at du ikkje sender video av ein gut.

Eller andre som ikkje har gitt deg lov til å dele sin videosnutt.