Kvifor har vi ulike hunderasar – og kva er ein blandingshund?

Menneske har avla fram mange ulike hunderasar for å få hundar med ulike utsjånader og til ulike bruksområde.

Dette har vorte gjort gjennom hundrevis, kanskje tusenvis av år, fordi menneske i lang, lang tid har sett nytten av dei mange ulike eigenskapane til hunden som husdyr, arbeidspartnar og kjæledyr.

Innanfor raseavl finst det retningslinjer for korleis avlsarbeidet skal gjennomførast. Dette vil seia at det er ønskeleg å avla på rasehundar som har dei ulike eigenskapane som ein er ute etter på akkurat denne rasen. Nokre raseklubbar er mest opptatt av korleis hunden ser ut, dette vert gjerne kalla som selskapshundar. Her er utsjånaden det viktigaste for at hunden skal premierast og sett inn i vidare avl.

Meir ulike nyttehundar

Nyttehundar, som til dømes jakthundar og gjetarhundar, vert i større grad plukka ut til vidare avl på bakgrunn av eigenskapar dei har. Dette gjer gjerne at det kan vera ein større variasjon i utsjånaden på nyttehundar av same rase.

Blandingshundar er derimot ikkje avla fram av foreldre av same rase. Dette gjer at ein i mindre grad enn med ein rasehund kan seia på førehand korleis utsjånaden og åtferda til hunden vil vera.

Blandingshundar er ofte friskare

Eigenskapane til hunden er eit resultat av arv og miljø. Hunden arvar eit sett med gen frå begge foreldra sine. I gena ligg nøkkelen for eigenskapar som utsjånad, åtferd og medfødde sjukdomar og lidingar.

Ein blandingshund har den fordelen at han har fått gen frå to hundeforeldre som er meir ulike enn dei ville vore frå to hundar av same rase. Mange av gena som gjev sjukdom og medfødde lidingar må koma frå både mor og far for at avkommet skal visa teikn på sjukdom. Dette gjer at det er genetisk sett ein større fare som medfødde sjukdomar og lidingar hos dei fleste rasehundar enn hos dei fleste blandingshundar.