Følg med på Nasjonalt lesedøgn!

Kven les mest og korleis går dette? Følg med i denne saka. Vi oppdaterer undervegs.

Her vil det kome inn bilete og filmar frå mange skular rundt om i landet. Har du og din skule bilete som du vil vi skal bruke på sida vår kan du tagge med #framtidales #nynorsklesefest og #nasjonaltlesedøgn, eller sende inn på christian@framtida.no.

12.52: Boktre frå Moster skule

BOKTRE: På Moster skule heng dei opp ein lapp for kvar bok dei les.

10:24: Elevane på 2. trinn ved Tjødnalio skule på Stord er i full gang med å lesa på Lesemeister.

Sadia Kwitonda Shabani (7) og Leonardo Velloso Hamnes (8) på Tjødnalio skule på Stord synest det e rkjekt å lesa på skjerm. Foto: Leo Krohn

09.30: Lesemeister har visst nokre tekniske problem, men dei jobbar på spreng for å fikse dette. Framtida junior kan ikkje hjelpe om de har tekniske problem. Ta kontakt med support@lesemeister.no

Lærar på 3. trinn på Bolteløkka hjelper nokre elevar med å logge seg inn på lesemeister.
BOLTELØKKA: Elevane var med på opninga av Nasjonalt lesedøgn. Dei fekk til og med is. Her er Alina, Mathea og Mikkel klare med nettbrettet sitt.
SUPERSPENTE: – Vi er superspente på lesefesten, seier Rasmuss og Netsahet
Edmund Austigard, direktør i Samlaget, fekk hjelp av Alice, statssekretær Rikke Høistad Sjøberg og Guro Kvalnes til å opne lesefesten.
Frå opninga på Bolteløkka skole i Oslo klokka 9 onsdag 25. april. Statssekretær Rikke Høistad Sjøberg snakka med 3. trinn før dei starta. (Foto: Christian W. Gjerde)

Klokka 09: Rett før opninga på Bolteløkka skole i Oslo fekk elevane is.

 Sjå kva klassar som har lese flest sider per elev!