Mars er for taparar

Selma (11) har funne fram ei bok som kom ut for nokre år sidan. Ho har lese Mars er for taparar og skrive bokmelding.

Fakta om boka
  • Tittel: Mars er for taparar
  • Forfattar: Lars Bukdahl                       
  • Sjanger: Illustrert Barnebok (9-12 år)
  • Forlag/år: Samlaget/2016
  • Sidetal: 57
LES FAKTALUKK FAKTA

Boka handler om Billy Bob Malone som er elev ved NASA sin hemmelige astronautskule i New York. Ein dag kjem ein beskjed frå president Crat om at nasjonen er i fare og at det trengs ein frivillig som kan hjelpe. Kva vil eigentleg presidenten oppe i verdsrommet?

Det eg likar med boka er at den er lettlest, og ikkje så lang. Den passar for dei som kan lese allereie frå første klasse.

Det som er negativt er at boka er kjedelig veldig lenge.

“Mars er for taparar” er ein del av Leseland-bøkene til Samlaget. Leselandbøker er illustrerte med lettlest og godt innhald.

Boka er skrive av ein dansk forfattar, Lars Bukdahl, men er oversatt av Ole Jan Borgund.

Konklusjonen min er at boka får ein sterk 3 på terningen. Eg anbefaler denne til barn frå 5 til 9 år.