Kroppen din er alltid i krig

Når du blir sjuk er kroppen utvikla slik at han skal gjere deg fortast mogeleg frisk igjen.

Kroppen har desse forsvarsmekanismane som skal halde oss friske:

  • Huda beskyttar oss mot infeksjonar, samt isolerer og produserer vitamin D.
  • Syre i magesekken drep bakteriar som ikkje skal vere i kroppen.
  • Slim i ande-rettssystemet fører bort skadelege partiklar.
  • Urin fører også bort skadelege partiklar.

I tillegg til dette har vi blodet og lymfekjertlane.

  • Blodet – Dei kvite blodcellene er imunforsvaret sine krigarar som har i oppgåve å kjempe mot farlege inntrengarar.
  • Lymfekjertlane har du i armhola, halsen og ved skrittet. Oppgåva til lymfesystemet er å transportere feitt og overskotsveske frå vev til blodbana, reinse lymfa, hindre betennelsar og øydelegge mikroorganismar som ikkje skal vere i kroppen.

Det er litt rart å tenkje på at kroppen alltid vil halde deg frisk og rask. Blir du forkjøla vil kroppen gjere sitt beste for at du skal bli frisk igjen.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here