Friidrett har vorte kjempepopulært: Karsten Warholm sin klubb er smekkfull

Karsten Warholm sin klubb, Dimna IL, har vorte smekkfull etter VM-gull i fjor.

Det er rett og slett superpopulært å trene friidrett på Dimna. Dette har no ført til at det ikkje er plass til fleire deltakarar. No håper idrettslaget å få på plass fleire trenarar slik at dei kan ta inn fleire utøvarar igjen.

TYRVINLEKENE 2017: Andrea står omkransa med Jonas Andre Ose og Johanne Rise Kvalen. Dette er to av førebileta til Andrea, der Jonas set nasjonale aldersrekordar i sprint, og Johanne har inspirert Andrea til å bli god i høgdehopp. (Foto: Dimna IL)

Andrea er heldig

Andrea Berg (12) trenar på Dimna IL, og kjenner seg heldig som er ein del av eit så aktivt og sterk idrettslag.

Andrea trenar friidrett to gongar i veka. Eine treninga består av kondisjon og styrke/spenst. Kondisjonstrening kan til døme vere å springe intervallar. Den andre treninga er ei meir teknisk økt. Her vert det trena meir på reine friidrettsøvingar som sprint, høgde- og lengdehopp, hekkeløp, og kast med spyd eller kule.

Rekordmange møtte opp

På førre trening var vi 47 som møtte opp på gruppetreninga mi. Til vanleg er vi rundt 25-30.  Det var etter dette at idrettslaget måtte sette ein stoppar, seier ho.

Eg trur trenarane vart litt overraska, for det går ikkje an å ha skikkeleg trening med så mange.

Det at Dimna IL har vorte så populær synest Andrea er moro.

Eg er ikkje vant med at det kjem så mykje folk på treningane, seier ho. – Det er sjukt!

Karsten Warholm: (Chell Hill / Wikipedia/ CC BY SA 40)

Treningsgleda er viktigast!

Leiar for Dimna IL, Trond Berg, synest at Karsten er ein god ambassadør for klubben.

Vi driv breiddeklubb for utøvarane våre. Det viktigaste er å hjelpe unge til å drive med fysisk aktivitet i eit trygt og godt miljø, der ein får utvikle seg. Det viktigaste er ikkje å vere best og bli nummer éin, men å kunne delta.

Trond Berg fortel at den positive utviklinga i klubben har auka over fleire år. Også før Karsten blei ein offentleg person.

– Alle trenarane og hjelpetrenarane har gjort ein viktig jobb, og fortener honnør for utviklinga vi har hatt dei siste åra, seier han.

Ordførar I Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Foto: Lykkeliten Studio/Cecilie Hatløy)

Positiv utfordring

Ordføraren i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, seier at dette er eit positivt problem.

Ein må berre sjå på det som ei positiv utfordring, og jobbe for å rekruttere fleire trenarar.

Ordføraren er også glad for at barna kan ha Karsten Warholm som førebilete.

Det er fint å sjå korleis han utfyller rolla i både det offentlege rom, men også på treningar der han oppmuntrar dei unge, håpefulle.