Sør-Sudan: Kidnappa barn vert selde i byte mot kyr

I krigsherja Sør-Sudan vert barn kidnappa og selde, skriv Aftenposten. Prisen for eit barn er 20 kyr.

Dette skjer oftare og oftare, og det er ulike stammer som gjer dette mot kvarandre. Ifølgje styresmakta i Akobo er 37 barn blitt kidnappa sidan 2016.

Folkegruppa som heiter Murler innrømmer at dei bortfører og sel barn. Ifølgje ein av dei kan eit barn vera verdt 20 kyr, eller om lag 7.000 dollar. Det er cirka 55.000 norske kroner.

Ny avtale

Dei krigande partane i Sør-Sudan prøver denne veka å bli einige om korleis dei kan få ein slutt på krigen som har vart i over fire år. Fleire titals tusen er drepne, over to millionar er på flukt, medan fem millionar er truga av hungersnaud.