Signe (9) skreiv brev til NRK-sjefen

Signe syntes det var urettferdig at det berre var gutar som fekk synge på TV i jula.

NRK.no skriv at Signe Bakken Berget skreiv eit brev til kringkastingssjefen der ho uttrykte at ho var lei for at det berre var gutar som fekk synge jula inn.

Kvart år sidan 1966, når kyrkjeklokkene over heile landet ringer jula inn, har Sølvguttene sunge jula inn på NRK, kl 17.00.

Kringkastningssjefen fortalde Signe at han ikkje hadde tenkt på denne problematikken før, men kunne fortelje at Det norske jentekor skal synge nasjonalsongen, “Ja, vi elsker”, like etter statsministeren sin tale som blir sendt fyrste nyttårsdag.