Enorme nedbørsmengder på Vestlandet denne veka

Fare for flaum mange stadar på Vestlandet

Tysdag vil store nedbørmengder og kraftig vind gje stor (rødt) snøskredfare mange stader på Vestlandet. Betydeleg (oransje) skredfare i store delar av landet også i dag. (Skjermdump frå Meterologene/Twitter)

Det kraftige regnveret starta på tysdag og vil halde fram til og med torsdag. Fleire stadar har det blitt flaum.

Flaumvarselet gjeld i hovedsak for Rogaland og Hordaland, men Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil også merke nedbøren. På tre dagar er det venta over 400 millimeter nedbør, noko som er svært mykje.

Etter vermeldingane var det venta mest nedbør tysdag, men onsdag og torsdag kjem til å ha regntunge dagar.

NVE, Noregs- vassdrag og energidirektorat, fortel at det er fare for flaum. Det er venta høg temperatur som vil føre med seg kraftig snøsmelting. Snøsmeltinga og nedbøren vil til saman kunne skape store vassmengder som kan føre til flaum.