Vestlandet ventar full storm

Vindkasta på Vestlandet kan bli like sterke som styrken på ein orkan torsdag ettermiddag, åtvarar statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

– Folk bør sikre lause ting temmeleg raskt, seier Gisle til NRK.

Vindkasta kan bli opp til 35–40 meter per sekund, noko som kan samaliknast med styrken i ein orkan. Det er sør for Stadt det er venta verst vindstyrke, då særleg i Hordaland og Rogaland.

– Det er veldig ofte vinden som fører til skadar, seier han.

Han ber folk om å sikre takstein, fortøye båtar og andre lause ting, så dei ikkje flyg av garde. Stormen startar torsdag ettermiddag.

– Med så mykje vind kan ein laus trampoline gjere stygg skade både på to-, firbeinte og materielt, seier Gisle.

Så, dette er fine dagar for koselege inneaktivitetar – i morgon kjem ei sak om korleis du kan lage din eigen julekrans!