Petter Northug er ikkje med i verdscupopninga

No til helga startar verdscupen i Finland, men Petter får ikkje gå. Ti personar er tatt ut på landslaget, men Petter er ikkje ein av dei.

Petter var ikkje med på skirennet på Beitostølen i helga som var fordi han var sjuk, og difor fekk han ikkje vist korleis forma hans er.

Sjefen for landslaget har fortalt til NRK at Petter er veldig skuffa, og det har Petter sjølv vist på Instagramkontoen sin.

I sverige er det fleire som har engasjert seg i valet over at Petter ikkje får gå rennet. Tomas Pettersson skriv i Expressen at Noreg behandlar Petter Northug som søppel.

– Skjerp dykk. Det er respekt Petter Northug fortener, skriv han.