Har far din, storebror, eller læraren planlagt å få bart? Kvar november er det nemleg ei årleg kampanje for dei med skjeggvekst.
Kvifor sparar dei til bart?
I november oppfordrar Movember Foundation at menn gror barten i 30 dagar, gjennom heile månaden. Fyrst må dei barbere vekk alt 1. november, og så la håret gro.
Dette gjer dei for å sette fokus på prostatakreft, testikkelkreft og psykisk helse.
Menn som er med på dette lagar seg ein profil på movember.com, der dei oppfordrar folk til å donere pengar for barten dei lar vekse. Alle pengane går til forskning- og støtteprogram med fokus på prostatakreft, testikkelkreft og psykisk helse.
Kva er prostatakreft?
Alle menn har prostata. Det er ein kjertel som ligg under urinblæra, og rundt urinrøret sin øvste del. Prostataen produserer ei veske som er næring for sædcellene. Den er viktig for at sædcellene kan symje og befrukte eggcellene.
Prostatakreft er fyrst og fremst ein krefttype som rammar dei eldre, så unge gutar treng ikkje vere redd for å få denne krefttypen.
Når kjem skjeggveksten?
Har du også lyst å vere med, men slit med skjeggveksten? Skjeggvekst startar vanlegvis etter puberteten, i 14-15 års alderen. Nokre får det sjølvsagt før, men det er vanleg at det fyrst kjem dun, før håret kan sparast til skjegg og bart.
Visste du…
Den lengste barten som er registrert var 339 centimeter lang og tilhøyrer Kaylan Ramji Sainv frå India (Kjelde: Wikipedia)