Nyleg blei det kjend at Meta vil innføre avgrensingar i sine sosiale medium, for barn og unge i USA. No har den norske regjeringa sendt brev til Meta med ønskje om dei same avgrensingane i Noreg.
Forfattar Tor Arve Røssland såg skrekkfilmar som barn, og no likar han å skremma lesarane sine. I haust er han festivalforfattar på verdas største festival for barnebøker på nynorsk, Falturiltu.
Årleg blir Ig Nobel-prisane delt ut til vitskaplege forskingsprosjekt "som får deg til å le, og så til å tenke". Ein av årets vinnarar hadde forska på rike menneske sin oppførsel.
11. september 2001 blei nesten 3000 menneske drepne i eit terrorangrep i USA. Dei fleste mista livet då to fly blei køyrd inn i to skyskraparar i New York. Terrorangrepet har fått enorme følgjer i etterkant.
Marius Horn Molaug har skrive ei lang rekke bøker om det som er «verdas verste». I den nye boka hans Sånn ble jeg verdens beste fotballspiller er elleve år gamle William betre i fotball enn sjølve landslagsspelarane.
PISA-undersøkinga, som viser korleis 15-åringar over heile verda gjer det i rekning, lesing og naturfag, er viktig for å kunne gjere endringar som gjer skulen betre.