Tusen elgar i garasjen

Tusen elgar i garasjen er ei diktsamling for barn. Dikta handlar om mange ulike dyr og fuglar og den plassen dei har i naturen. Dei handlar også om menneska.

Vi får lese dikt om mange dyr og fuglar; elgen, kua, sommarfuglen, spyfluga, snigelen, rugda, fuglekongen og ramnen, som alle har ein plass i verda.

Har du tenkt på alt det hendene dine har halde; iskrem, hundebæsj, ein kosebamse eller ein sykkel? Kor underleg er ikkje det å tenke på? Du får også gode tips til kva du kan gjere viss du kjedar deg. Då kan du mellom anna ete fem pølser, danse flamenco, flyge ut i verda og redde ein katt i eit tre eller kysse ein frosk eller venen din.

Bok: Tusen elgar i garasjen
Forfattar: Sigmund Løvåsen
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2023
Sider: 45
Passar for: 6–12 år

Andre bokmeldingar