«Følg med nå»: Dikt for akkurat deg

Følg med nå er skriven av Trygve Skaug som er låtskrivar, vokalist og poet.

Trygve Skaug blir òg kalla ein «instapoet» fordi han legg ut korte dikt på Instagram. Følg med nå er hans første diktsamling for ungdom. Dikta handlar for det meste om livet, og kanskje passar eit av dikta for akkurat deg.

Eg trur at dei fleste ungdommar vil kunne kjenne seg att i mange av dikta. Dikta handlar om mykje innanfor livet til dagens ungdom. Den handlar om sjølvkjensle, kjærleik og vennskap. Den handlar om ungdommar som berre er opptatt av den vesle skjermen sin og om forholda mellom tenåringar og foreldra deira.

Eg syns denne boka passar for ungdommar mellom 10 og 17 år, fordi den har så mykje å by på for alle. Den skildrar mange situasjonar som mange kan kjenne seg att i.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Nora Hellebust her: – Ei god bok må ha litt humor

Bok: Følg med nå
Forfattar: Trygve Skaug
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2019
Sider: 107
Passar for: 10-17 år

Andre bokmeldingar