Reisa til verdas farlegaste land

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen.

For å kome seg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slag prøvingar. Du er slett ikkje trygg sjølv om du skulle kome deg inn på slottet heller:

Kjøkkensjefen lagar støtt
sin livrett: kverna løk og kjøtt.
Det hender at eit barn dett ned
i kverna og blir kverna med.
Det best er nok å gå raskt forbi
viss ikkje du vil bli til evig tid.

I verdas største slott er det både skrekk og gru, men det finst ein veg ut. Dessutan har monstera ei oppskrift for kva som er god oppførsel, og kva du skal gjere for å kome deg heilskinna heim igjen.

Bok:
Forfattar: Malte Persson (omsett av Simen Hagerup)
Forlag: Skald
Utgjevingsår: 2017
Sider: 32
Passar for: 8-12 år

Andre bokmeldingar