Stamceller. Kroppens superheltar

Dette er ei faktabok som er skriven på ein lett og morosam måte.

Boka handlar om stamcellene i kroppen vår. Når celler døyr, er kroppen avhengig av hjelp frå desse spesielle stamcellene. I boka får vi høyre om forbløffande forsøk der forskarar vellukka har forvandla ein liten bit musehud til ein heil flokk nye mus, og om 3D-skrivarar som printar med kalsium. Boka som er skriven som ein teikneserie, er lærerik og oversiktleg.

Bok:
Forfattar: Øystein Runde
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2017
Sider: 56
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar