Pest og Plage – verdas verste pandemiar

Dette er ei faktabok der vi får lære meir om sjukdommar som til dømes svartedauden, hiv/aids og kolera.

I boka får vi også lære om korleis den første vaksinen vart laga, og kor viktig vaksine er for å hindre spreiing av sjukdom.

Det var ikkje alltid så enkelt for den som var blitt smitta av ein sjukdom før i tida, og mange av desse vart behandla dårleg.

Dette er ei lærerik bok, og sjølv om det er mest tekst i boka, er det også nokre fine bilete med.

Bok:
Forfattar: Anders Totland
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2021
Sider: 62
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar